Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

El-tryggleik

Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE)
Nettselskapa er med heimel i Tilsynsloven pålagt å føra tilsyn innanfor sine forsyningsområder.
Det lokale eltilsyn, DLE, er ein del av det offentlige tilsynsapparatet for eltryggleik. Retningslinjer for arbeidet er gitt av Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap (DSB).

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
DSB er den sentrale myndigheit som forvaltar områda el-tryggleik, og tryggleik ved produkt og forbrukstenester.
Det formelle grunnlaget for DSB si verksemd er lov om tilsyn med elektriske installasjonar og elektrisk utstyr, og Produkt-kontrollova.
DSB er administrativt underlagt Justisdepartementet, og rapporterer dit når det gjelder el-tryggleik og tryggleik ved produkt og forbrukstenester.

Generelt om DLE
DLE er organisert i nettselskapet, fagleg underlaget Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap (DSB) og fører tilsyn med alle elektriske lågspentinstallasjonar som er tilkopla nettselskapet sitt lågspentanlegg. I tillegg fører DLE tilsyn med omsetjing av elektrisk utstyr innanfor nettselskapet sitt forsyningsområde i gamle Etne kommune.
Tilsynet blir utført etter instruks frå DSB og resultata av tilsyns aktivitetane blir rapportert til DSB.  DLE er også pålagt å samarbeide med og koordinere sitt tilsyn med andre f. eks Arbeidstilsynet og Brannvesenet.
Etne Elektrisitetslag Nett (EEL – Nett) har inngått samarbeidsavtale med SKL Nett AS (Sakkyndig selskap) om utføring av den fysiske delen av kontroll- og tilsynsoppgåvene.
Kontrollen er gratis for kunden.
Spørsmål om rapporter, kontrollar og vedtak kan rettas til:
Epost: www.etneelagnett.no, eller telefon 53 77 11 51. Kontaktperson er Jan Erik Fedje. 
DLE sin aktivitet har som mål å redusera antall skadar og ulykker forårsaka av elektrisk straum hos alle kundar. Med utgangspunkt i gitt instruks frå DSB utarbeidas det aktivitetsplanar tilpassa nettselskapet sitt forsyningsområde. Frå 1. juli 2007 er det fastsatt eigen forskrift om lokalt eltilsyn.

Pålagte oppgåver for DLE gitt i instruks frå DSB:
1. Gi råd om bruk og vedlikehald av elektrisk anlegg og utstyr.  Gi informasjon om årsaker til brann og ulykker forårsaka av elektrisk straum.
2. Gjennomføra stikkprøvekontrollar av elektriske anlegg og utstyr i bustadar og andre bygningar.
3. Kontrollera at verksemda som omset elektrisk utstyr, gjør dette i samsvar med lovar og forskrifter (marknadskontroll)
4. Kontrollera at installatørane som monterer anlegg, har nødvendig kompetanse og rutinar for å utføre dette på en trygg måte
5. Informera alle verksemder om å ta eltryggleik med i sine interne kontrollrutinar. 
6. Kontrollera og følgja opp alle institusjonar og verksemder som nyttar elektromedisinsk utstyr i sitt daglege virke. 
7. Bistå politiet ved brann- og ulykkesetterforsking
8. I samarbeid med andre blir alle 6. og 9. klassar kalla inn til informasjonsmøte ein gong i året.
9. Me inviterar helsepersonell, heimesjukepleien og installatørane til årleg informasjonsmøte. 

Lover og forskrifter
Tilsynsarbeidet er forankra i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr med underliggjande forskrifter:
Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg
Forskrift om elektrisk utstyr
Forskrift om registrering av verksemder som prosjekterer, utfører og vedlikeheld elektriske anlegg
Forskrift om kvalifikasjonar for elektrofagfolk
Forskrift om sikkerhet ved arbeid i og drift av elektriske anlegg
Forskrift om utstyr og sikkerheitssystem til bruk i eksplosjonsfarlig område
Forskrift om bruk og vedlikehald av elektromedisinsk utstyr
Forskrift om opplysningsplikt ved sal og marknadsføring av elektrisk materiell til forbruker
Forskrift om elektriske forsyningsanlegg

Kontroll av bustad
DLE gjennomfører årleg om lag 100 kontroller av elanleggene i bustadar, fritidshus og gardsbruk i vårt forsyningsområde.
Anlegga som det skal gjennomførast tilsyn på blir plukka ut etter prioritering. Kunden får tilsendt varsel om tilsyn i god tid før sjølve tilsynet skal utførast. 
Me ynskjer at kunden deltar under kontrollen fordi me på denne måten får snakka om det som eventuelt blir påvist av feil og manglar og bakgrunnen for at utbetring må gjennomførast.
Kontrollen blir som regel gjennomført etter denne modell:
a) Inntaksboksen:
Det blir kontrollert om sikringane er korrekte og om det er teikn på varmgong. 
b) Sikringsskapet:
Anlegget blir sjekka for isolasjonsfeil (jordfeil) og om kursane er rett sikra og merka.  Berøringsfaren, at sikringane kan betenast utan at man får straumgjennomgang, blir sjekka. At anlegget er utført med tilfredsstillande jording blir også kontrollert.  
Anlegget blir sjekka for varmgong. Hyppigaste årsak til dette er lause koplingar eller manglande tilskruing av eldre sikringar (skrusikringar).    
c) Den faste installasjonen:
Punkter med krav om jording blir kontrollert. Det blir vidare sjekka ut at jorda og ujorda installasjon er blanda. 
Alle kablar og leidningar er rett festa og at kablar og utstyr som brytarar og stikkontaktar ikkje er skada. 
Brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar osv blir visuelt sjekka for varmgong.
d) Tilkopla utstyr:
Me ser etter om varmeomnar er tildekt då dette utgjer ei potensiell brannfelle. Eit anna punkt er å sjå etter om utstyr er tilkopla med skøyteleidning.     
e) Etter kontrollen:
Tilsynet hos kunden blir avslutta med ei kort oppsummering av inntrykket.  Deretter blir rapporten skriven og sendt kunden . Om kontrollen ikkje har avdekka feil og manglar, vil det gå fram av rapporten at saka er avslutta. 
Har kontrollen derimot avdekka feil og manglar, blir det sendt ein rapport, førehandsvarsel om vedtak, og sett ein frist for utbetring.
Kunden kontaktar elektroinstallatør for utbetring av feil og manglar og sender deretter signert rapport av installatør attende til DLE. Rettingsarbeidet blir vurdert og rapporten blir godkjend.
Dersom kunden ikkje følgjer rettar påpeikte feil og manglar innan fristen, gitt i førehandsvarsel om vedtak, blir det fatta eit vedtak om utbetring innan ny frist. Skulle dette vedtaket ikkje bli følgt opp, sender DLE ut purring.  Viss purringa ikkje blir følgd opp, blir enten saka avslutta med hefte eller i verste fall stengt. Saka blir i såfall sendt over til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med heimel i lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.

Kontroll av bedrifter
Alle bedrifter er pålagt å ha eit eige internkontrollsystem.
Tilsyn av verksemder blir gjennomført med utgangspunkt i den enkelte verksemd sitt internkontrollsystem. Internkontrollforskriftens intensjon er å fremja Helse,- Miljø- og Sikkerheitsarbeidet (HMS) i alle norske verksemder.
Internkontrollsystemet skal bl.a. innehalde rutinar for å sikra etterleving av relevante forskrifts- og normkrav.
Tilsynet føregår i hovudsak slik:
I eige skriv til leiinga i verksemda blir det varsla om tilsynet og om bakgrunn for dette. Verksemda sitt IK – system blir gjennomgått. For å verifisera om vedlikehaldsrutinar fungerer, utføres stikkprøvebasert kontroll av det elektriske anlegget.
Tilsynet hos verksemda blir avslutta med ei kort oppsummering av inntrykket. Deretter blir rapporten skriven og sendt verksemda. Om kontrollen ikkje har avdekka feil og manglar, vil det gå fram av rapporten at saka er avslutta. 
Har tilsynet derimot avdekka feil og manglar rundt IK – systemet eller det elektriske anlegget, blir det sendt ein rapport, førehandsvarsel om vedtak, og sett ein frist for utbetring. 
Dersom verksemda ikkje følgjer opp påpeikte feil og manglar innan fristen, gitt i førehandsvarsel om vedtak, blir det fatta eit vedtak om utbetring innan ny frist. Skulle dette vedtaket ikkje bli følgt opp, sender DLE ut purring.  Viss purringa ikkje blir følgd opp, blir enten saka avslutta med hefte eller i verste fall stengt. Saka blir i såfall sendt over til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med heimel i lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.

Kjøp/salg eiendom
Eigar og brukar skal sørgje for at både elanlegg og tilkopla elektrisk utstyr til ei kvar tid er godt vedlikehalden, slik at det er trygt å bruka og at det ikkje oppstår fare for liv eller eigendom. Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg §9. Den som til ei kvar tid er eigar eller brukar er altså ansvarleg for å utbetra ev. feil og manglar på elanlegg og tilknytt utstyr.
Skal du kjøpa eller selja bustad, hytte eller næringseigendom? Kontakt DLE og få svar på følgjande:

• Er det pålegg om feil og manglar på den elektriske installasjon i bygget?
(Mange eigendomsmeklarar utfører denne kontakten mot DLE som en del av salgsprosessen)
• Er det i de seinare år utført installasjonsarbeider som er ferdigmeldt og det føreligger samsvarserklæring på?
(utførte arbeider etter 01.07.99)
Eigar plikter å oppbevara desse papira "til evig tid", de skal altså følgja anlegget uavhengig av om det er skjedd eigarskifte(r)

Skoleinformasjon
DLE ved Etne Elektrisitetslag, Skånevik Ølen Kraftlag og Haugaland Kraft i samarbeid med brannførebyggjande avdeling i Etne og Vindafjord kommune tilbyr og gjennomfører årleg undervisning for 6. og 9. klassar ved alle grunnskular innanfor Etne- og Vindafjord kommune. Dette er gratis. 
Informasjon og undervisningsopplegget handlar om eltryggleik og branntryggleik i heimen og er spesielt retta mot bruk av elektrisk utstyr og apparat. Over 40 prosent av bustadbrannane har samanheng med elektrisitet, enten tekniske feil på utstyr og installasjonar eller feil bruk av elektriske apparat.
Undervisningsopplegget føregår i eit eige bygg og byggjer på følgjande prinsipp:
Program for 6 – klasse:
Me lagar og plasserer ut ein del brannfeller som elevane skal ha avdekka. Etterpå har me ein felles gjennomgang med elevane av feila i huset.  Det blir etterpå gjennomført øving med å slokke brann.  Til slutt gjennomfører DLE eit felles informasjonsmøte retta mot 6 – klasse.
Program for 9 – klasse:
Det blir laga og plassert ut brannfeller som elevane skal avdekka. Representantar frå DLE og brannvesen er med rundt. Deretter blir det delt ut ein Quiz. Etterpå blir elevane sendt ned i ein kjellar som er dekka av røyk. Det blir deretter gjennomført ein evakueringsøving. Målet her er å få kjenne på korleis det er å vera i eit røykfult rom.
DLE gjennomfører eit felles informasjonsmøte retta mot 9- klasse. Til slutt fekk alle sjå kva som skjer når ei smultgryte tar fyr og kva konsekvensar dette kan få.
For å få mest mogleg ut av dagen er det frå vår side ynskjeleg at skulane på førehand har gjennomgått pensum for området. Alle 6 – klassar fekk utlevert eit hefte, Info frå Eldar & Vanja om elektrisitet og brannvern, som var berekna på dei

Tips om El-tryggleik
• Sjå etter misfarging og varmgong på alle støpsel og stikkontaktar med jamne mellomrom. Kontroller også leidningar for sår og skadar.
• I gamle anlegg vil det vera lurt å skifta til automatsikringar då det kan hindra brann, og ein kan fordela belastninga på fleire sikringar.
• Sjå til at deksel over tilkoplingsluka på varmtvassberedaren er på plass. Sjå til at det ikkje er varmgong i støpsel/stikkontakt for tanken. Bruk barnesikring på alle varmtvasskranar.
• Bruk ikkje sterkare lyspærar enn det som lampa er godkjent for.
• Reins fjernsynet med jamne mellomrom. Sørg for at apparatet har nok luft rundt seg. Slå apparatet av med av-/på-knappen.
• Bruk ikkje oppvaskmaskin utan tilsyn. Faren er at det kan bli lekkasje eller varmgong i støpsel og stikkontakt. Bruk maskin med Aqua-stop.
• Reingjer lofilteret etter kvar gong du brukar tørketrommelen. Gjer kondensfilteret reint om du har kondenstørketrommel.
• Sjekk lofilter. Sørg for å ha tilsyn med vaskemaskina når den er i bruk.
• Komfyrar er den største årsaka til brann i bustader. Monter tidsbrytar slik at den slår seg av sjølv. Sjekk at det ikkje er sprekker i platene.
• Levande lys er fint, men hugs ikkje bruk brennbare dekorasjonar rundt lysa.