Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

Leveringskvalitet

  NVE – Norges vassdrags- og energidirektorat har innført forskrift for leveringskvalitet. Forskrifta skal bidra til å sikra ein tilfredsstillande leveringskvalitet på den elektrisitet som forbrukarar og næringsverksemder får levert frå nettselskapet. Forskrifta tredde i kraft 1.1.2005 og er blitt revidert med verknad frå og med 1.1.2006. 
   Forskrifta inneheld krav knytt til tekniske forhold om leveringspålitsgrad og spenningskvalitet. Forskrifta gjer reglar for kundehandsaming om leveringskvalitet, samt krav om informasjon om denne. Forskrifta gjer reglar for kven som er ansvarleg for å retta opp i forhold som medfører redusert leveringspålitsgrad eller redusert spenningskvalitet. Forskrifta gjeld for alle som eig, driv eller brukar elektriske anlegg eller elektrisk utstyr som er tilkopla kraftnettet. Generelt sett har forskrifta ikkje til hensikt å heva eller senka kvaliteten i kraftsystemet, og denne vil soleis i ein viss grad representera ei formalisering av etablert praksis.  Les Forskrift om leveringskraft i kraftsystemet på websida til Lovdata klikke her.