Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

Målaravlesing på SMS

Førstegangsregistrering bør utførast på KundeWeb under Kundeprofil ved at du legge inn ditt mobilnummer under avtale om varsling (målarvarsling og prisvarsling). Då treng du ikkje registrera deg på mobiltelefon. Du får då ei melding om at det er tid for målaravlesing og svarar på denne utifrå nedanståande eksempel.

Dersom du ikkje har tilgang til data kan registreringa utførast med mobiltelefon:
Målaravlesing - SMS til 26166
Fordelen med denne løysninga er at du kan stå ved sikringsskapet, taste inn tala og sende oss målarstanden direkte. Du får kvittering og forbruk tilbake straks.

Eksempel:

Førstegangs registrering:
  1. Meldinga sender du til: 26166.
  2. Skriv i melding: Eelm start kundenummer målarnummer
    Hugs mellomrom mellom elementa i meldinga. Både store og små bokstaver kan brukast.
  3. Send melding.
Registrering av målerstanden:
  1. Meldinga sender du til: 26166.
  2. Skriv i melding: Eelm målarnummer målarstand
  3. Send melding.