Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

Måling, avrekning og fakturering

Avlesing
  Etne E-lag er pliktig å henta inn avlesing minst ein gang i året.  Avlesingsrutinar for industri er den 1. i kvar månad, hushald og fritidshus er den 1. annan kvar månad.  Alle har moglegheit til og levera kvar månad. Det er ein fordel å få levert inn stand så ofte som mogleg.

Heimeside
  Ved å trykka på knappen til venstre kan de registrera forbruket, sjå forbruket for dei 3 siste åra, lage prøvefaktura, sjå tidlegare fakturaer, kundeprofil (der de kan legge inn telefonnr, epost etc. også bestille avtalegiro, e-faktura). Det er også mogleg og gå inn på Min side, for å finna dei same opplysningane. For pålogging begge stadane, bruk kundenr og målepunktID.

Avrekning
  Generelt gjeld NVE sine retningsliner for måling, avrekning og fakturering.
Hushald og hytter blir fakturert annan kvar månad, industri blir fakturert kvar månad. Sal etter særskild kontrakt kan ha annan avrekningsprosedyre. Kraftlaget tar atterhald om endring i perioden for avrekning.

For kundar større enn 100.000 kWh (som har timesavrekning) skal sendast rekning for kvar månad.   Effektavgifta er middle verdi av dei 3 høgaste målingane (fra 1-15 og 15-31 i kvar mnd.)

I fall avgiftene for ei tinging ikkje vert betalt i rett tid, slik at kraftlaget må ty til særskild innkrevjing, kjem innkrevjingsavgift i tillegg med kr 62,-. Forsinkelsesrente vert tillagt i samsvar med forsinkelsesrentelova.

Vert eit anlegg fråkopla for skuld for sein betaling eller andre brot på leveringsvilkåra, må eigar/brukar betale kr. 1.000,- eks mva for frå- og tilkopling.  Ved frammøte for stenging vil same beløp bli fakturert.