Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

Nettilknyting

Anleggstilskot
Ved tilknyting av nye installasjonar, endringar i eksisterande installasjonar etc, som medfører økt overføringskapasitet vert det berekna anleggstilskot i samsvar til Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar nr. 302 fastsett av Noregs vassdrags § 17-5. Sjå forskrift.
I forskrifta frå NVE kan nettselskapa fastsetja eit anleggstilskot for å dekka anleggskostnadane ved nye nettilknytingar eller ved forsterkning av nettet til eksisterande kundar. I anleggskostnaden inngår kostnadar med prosjektering, materiell, montasje, transport osv.

Botnfrådrag
EEL dekker eit botnfrådrag på kr. 7.000,- ved anleggskostnadar i samband med tilknyting. Botnfrådraget storleik er uavhengig av type nettilknyting. Dei resterande kostnadar ved tilknytinga, dekkes av kunden som anleggstilskot. EEL dekker berre botnfrådrag ved tilknyting av nye kundar/ installasjonar, ikkje ved effektutvidingar. Det gis ikkje botnfrådrag for innmatingskundar, midlertidige anlegg, mindre installasjonar av type forsterkarskap, GSM osv.
Kunden eig anlegget frå kortslutningsvern og fram til hovudtavle i bygning og dekker kostnadane med dette. Kunden tek kostnaden med evt kabelgrøft og utfører denne.

Eigarskap til anlegg
Nettanlegg som heilt eller delvis er finansiert gjennom anleggstilskot betalt av kunde eiges fult ut av EEL.

Legging av jordleidning
Jordleidningen / jordelektroden blir som oftast lagt under sålen. Bestill derfor levering og legging av jordelektroden hos din elektroinstallatør i god tid.

Stikkleidning 
EEL sin standard stikkleidning er type 4x 25 mm2 TFXP Al. Huseigar kan legga røyr for mogleg innblåsing av fiberkabel. I bustadfelt blir kabelen til din bustad tatt med i prosjekteringa frå starten av.

Huseigar må sjølv besørga graving av grøft for kabel. EEL kan levera kabel og kabeldekkbord etter rekning. Kabelen skal ligga i sand eller sandjord, 40 cm under planlagt terreng. I same grøft kan du legge både telefonkabel og TV kablar, innbyrdes avstand må minimum vera 7 cm.

Huseigar har ansvar for drift- og vedlikehald av stikkleidningen frå tilkoplingspunktet (kabelskapet) og fram til grunnmuren og vidare inn i bustaden. Huseigar må legge stort nok røyr som sikrar at kabelen lett kan trekkast inn. (og kanskje ut igjen). Det er viktig at elektroinstallatøren blir involvert så tidleg som mogleg i byggeprosessen, slik at røyr og kablar kjem på rett plass der de skal, og at jordingsanlegget blir utført på ein forskriftsmessig måte. Under legging og handsaming av kabel må det visast varsemd, slik at kabelen ikkje blir skada. I bustadfelt blir kabelen sikra med sikringar mot kortslutning i kabelskap ute i gata.

Byggestraum
Trenger du straumuttak til maskinar, lys og varme i byggeperioden, kan du leige byggestraumskap hos EEL. Det bør leggast ved eit kart som viser kor tilkoplinga skal vera. Bestillinga må sendast i god tid til EEL før ønska tilkopling. Kontakt oss

Melding av det elektriske anlegget og tilkopling.
Når du har valt elektroinstallatør, skal han sende ein ”melding om installasjonsarbeid” (forhandsmelding) til oss. Når anlegget er ferdig utført sender elektroinstallatøren ferdigmelding til EEL og skriv ut samsvarserklæring til eigar/ brukar av anlegget om at installasjonen er utført i samsvar med gjeldande forskrifter. Installasjonen er då klar for tilkopling av spenning og montering av målar. Elektroinstallatøren kan bestille nettilknyting på vegne av kunden og fører på alle nødvendige data. Kunden kan sjølv bestilla nettilknyting ved å kontakte oss.