Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

Organisering

Vedtekter for Etne E-lag klikk her.
Årsmelding for Etne E-lag 2011 klikk her.
Energiutgreiing 2013 for Etne kommune klikk her.
Referat frå offentlig møte om energiutgreiinga for 2013 klikk her.
Årsmelding for Etne E-lag 2012 klikk her. 
Årsmelding for Etne E-lag 2013 klikk her.
Årsmelding for Etne E-lag 2014 klikk her.
Etne Elektrisitetslag er eit ålmennyttig samvirkeføretak i hovudsak eigd av kundane i forsyningsområdet som er gamle Etne Kommune. Selskapet driv med overføring, omsetjing av elektrisk kraft og utbygging av fiberoptisk breibandsnett til bedrifter og private.
Selskapet har 12 tilsette og to lærling, 1780 nettkundar og me nærmar oss 500 breibandskundar. Omsetjinga er 32 mill. kroner. Hovudkontoret ligg på Nyvoll ved Etnesjøen.
Berre fysiske / juridiske personar som er sluttbrukarar av elektrisk energi, og som inngår avtale med føretaket om tilknyting til føretaket sitt kraftnett, kan vera medlemmer av føretaket. Sluttbrukarar som berre inngår avtale om nettilknytning for fritidshus, kan likevel ikkje vera medlemmer av føretaket.
Årsmøte
Gjennom årsmøtet utøver medlemene den øverste mynde i Føretaket. Berre medlemer har rett til å møta på årsmøtet, og kvart medlem har berre ei røyst. Eit medlem kan møta med Fullmektig, som må framleggja skriftleg og datert fullmakt. Ingen kan vera Fullmektig for meir enn eit medlem. Medlemer som ikkje fyller vilkåra for medlemskap på dagen for årsmøtet, har ikkje røysterett.

Årsmøtet sine hovudoppgåver er å:

a. velja styreleiar, styremedlemer og varamedlemer til styret.

b. godkjenna rekneskapen, herunder å disponera overskot eller inndekking av underskot

c. velja medlemer til valnemnda

Oversyn over vedtektene, styret klikk i menyen til høgre.

Styret er sett saman av 6 medlemmer frå eigarane og ein frå dei tilsette, og består nå av:
Styreleiar Sigbjørn Tjelmeland
Nestleiar Nils Barthol Flatebø
Styremedlem Lars Jørgen Stålesen 
Styremedlem Joveig Håheim 
Styremedlem Gunnvor Helene Nervik
Styremedlem Unni Matre
Styremedlem for dei tilsatte Torstein Kristiansen
Varamedlem til styre Martin Fitje og Wenche Iren Drange
Varamedlem for dei tilsatte Gunnar Melkeraaen

Styret har normalt 5 - 6 møter i året, og deira gjeremål er nedfelt i el.lagets vedtekter.

Etne Elektrisitetslag er organisert i tre avdelingar: Nett - Kunde - Breiband